mandag 2. desember 2013

Førjulskos :)

På onsdag som var hadde eg og Monica hobbydag og på kvelden var vi på scrappetreff på Bokuben i Førde. Alltid kos å komme ilag med likesinna :)
På torsdagen var eg ilag med Monica og Sander og hadde bakedag. Det var veldig koselig. Men det er vel berre å konstantere at verken eg eller Monica er nokre bakemestere. Men pepperkakehuset blei så fint pynta av Sander :)


Litt konfekt prøvde vi oss på og, men resultatet blei jo ikkje heilt vellykka. Våre såg hvertfall ikkje ut som på oppskriftbildene...
Moderne oppskriftbok hadde vi og eller Monica hadde ;)
Vi fekk no trimma lattermusklane når vi forstod at det vi har laga ikkje kan serverast til andre enn oss sjølv... Og vi kom og fram til at vi aldri kunne vore med på Kakekrigen, ikkje eingong om vi to kunne jobba ilag...
Ønsker alle ei fin førjulstid og takk for titten :)

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...