lørdag 14. desember 2013

Vridd hals

Så har eg endelig prøvd meg på ein vridd hals... Var ikkje så vanskelig når eg kom inn i det. Og det gjekk ganske fort...
Einaste problemet er at eg feller av altfor stramt, dette må eg huske til neste prosjekt..
Sidan eg ikkje hadde nokon å ta bilde av når eg var ferdig med halsen, måtte Mac vere modellen. Veit ikkje om han var heilt fornøyd med det. Men etter tirsdagen følte eg at han skylte meg dette her altså ;) Og kanskje han tenkte det sjøl og, han gjorde ingen motstand og gjorde som matmor sa ;)
Hehe er sikkert like greit at han ikkje kan gå inn på bloggen og lese, då hadde han nok ikkje vore fornøyd med meg her...
Oppskrifta fant eg her hos pickles og brukte dette garnet abuelita-tjukk-merino. Halsen blei strikka på pinne 9, det skulle egentlig vere pinne nr 10. Vil nok bruke pinne 10 på neste hals. Men sjølv om eg brukte feil størrelse på pinnen, blei halsen mjuk og god :)

Ha ein fin lørdag og takk for titten :)

 

2 kommentarer:

  1. No overraska du meg fælt Annelen, ikkje måte på alle dine talenter!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe var ikkje så vanskelig, men takk skal du ha ;)

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...