søndag 15. desember 2013

Strikkapute

Då har eg prøvd å strikke meg eit putetrekk. Tjukke pinna og dobbel tråd, då tek det ikkje lange tida å strikke slikt. Utfordringa er jo at mine strikkeferdigheter ikkje er noko å skryte av. Men då er det jammen bra at internett fins med sine flotte instruksjonsvideoa. Eg har brukt drops sine ein del og det hjelper jammen på... Her  lærte eg korleis eg skulle strikke fletter, og det var jo ikkje så vanskelig jo :)
Igår fekk eg tak i innerputa til denne og eg kunne endelig få den heilt ferdig :) Litt dårlig bilde av den ferdige puta... Men jammen kom det litt sol ute idag :)
Denne puta har låge sidan sommeren 2012, så det var godt å bli ferdig med den. Eg fant oppskrifta i PT design interiør. Litt små feil er det på puta, men men, får skylde på min uerfarenhet... ;) Toppen og bunnen er heklet sammen med kjedemasker.

Takk for titten og ha ein fin 3. søndag i advent :)




2 kommentarer:

  1. Riktig fin denne puta.bestiller sporenstriks einnår du får tid.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...